Pengemaskina Paxar
Paxar NTP i Gaupne meir enn doblar
resultatet frå i fjor. Bedrifta har omsett for nærare 60
millionar kroner i år og sit igjen med eit overskot på
seks millionar. Publisert
22.12.2003 07:36.
Dagleg leiar Atle Gandrudbakken og dei
andre tilsette ved Paxar NTP kan gni seg i hendene. No
ventar det nemleg solide bonusar - og bedrifta i Gaupne
har meir enn nok pengar å ta av.
Ekstra utbetalingarI 2002 hadde dei eit
overskot på 2,7 millionar kroner, i år har dei auka
dette til nærare 6 millionar kroner. - Det har vanka
litt ekstra utbetalingar, seier ein nøgd Gandrudbakken,
som forklarar oppgangen med nye investeringar, dyktige
folk og effektivisering.
Selde til PaxarAtle Gandrudbakken selde i fjor
sommar bedrifta si til Paxar-konsernet. Og etter
amerikanarane sitt inntog har salet av merkelappar til
klede meir eller mindre teke av. Gandrudbakken legg
ikkje skjul på at det har betydd mykje å bli ein del av
eit stort internasjonalt konsern. - Vi får ein heilt
annan marknadstilgang, seier Gandrudbakken.
Fleire arbeidsplassarPaxar NTP er blitt den
største og viktigaste arbeidsplassen i Luster, med 88
arbeidsplassar. Målet var at bedrifta skulle ha 100
tilsette i løpet av 2005, men produksjonspresset er så
stort at dette målet kan bli nådd alt neste år, seier
Gandrudbakken.
|