Eventyrlysta tok Meric til Gaupne
Av: Sigrid
Svartefoss
Gaupne: Frå eksotiske Istanbul, byen som står med ein
fot i vesten og ein i austen, og minst 15 millionar innbyggjarar,
til rolege Gaupne. Men for tyrkiske Meric Tarim (23) er Gaupne
eksotisk.
– For første gong har eg sett ein gris. Eg fekk vera
med Ellen Bruheim heim på garden. Det er det mest uvvanlege eg har
vore med på, seier Meric Tarim. Ho kom til Gaupne for ein månad
sidan for å arbeida på NEXAR-NTP. Her skal Tarim vera i ni månader,
før ho reiser heim att til fabrikken i Istanbul der dei er 150
tilsette på kontoret.
Det er første gongen NEXAR-NTP har teke inn ein
hospitant frå ei av dei andre systerverksemdene til det
multinasjonale firmaet.
Eventyrlyst
– Dei fortalde med det ville vera mørkt og kaldt her i
Noreg, og eg har teke med meg så mykje kler, ler Meric, og gledar
seg til å stå på snøbrett, prøva seg å gå på ski, og ikkje minst ser
ho fram til å få prøva seg på breen.
– For oss er det viktig å få inn folk med
internasjonal erfaring til Gaupne. Du kan sei utveksling går
to-vegs. Me trenar oss på å behandla internasjonale kundar. Målet
vårt er å selja endå meir til Europa og Midt-Austen, seier
administrerande direktør Atle Gandrudbakken. Då dei lyste ut det ni
månaders engasjementet internt i Paxar-organisasjonen, var det mange
om beinet.
– Der ser du. Gaupne er ein ettertrakta stad, ler
Meric, og tykkjer ho er storheldig som får hospitera i Gaupne. No
går det i engelsk, men målet til Meric er klart: Eg skal læra meg
norsk.
Lærerikt
– Kva får deg til å søkja hit?
– Her får eg sjå korleis dei her behandlar kundane
sine, følgjer opp ordrar, eg får læra meir om produksjonen. Særleg
er dette viktig då PAXAR planlegg å starta ein produksjonsfabrikk i
Tyrkia i tredje kvartal til neste år, seier Meric, som har meg seg
ein solid utdanning i bagasjen sin til Gaupne. Meric har utdanninga
si frå amerikansk high school og har studert «business and
adminitration» ved universitetet i Istanbul.
– Her i Gaupne produserer dei til dømes Adidas-merke.
Eg kjenner Adidas-folka ved fabrikken i Tyskland. Difor er flott å
vera her i Gaupne.
– Det er viktig for oss å få folk med internasjonal
erfaring til Gaupne, og slik trenar oss på å behandla internasjonale
kundar, seier Gandrudbakken. Han fortel dei planlegg å få inn andre
som arbeider i Nexar-konsernet når Meric reiser tilbake til
Istanbul.
– Dersom Meric er tilfreds med oss og tida si her i
Gaupne, kan ho sei positive ting om oss. PAXAR er eit multinasjonalt
firma, og det er viktig å ha fokus på dette når me utvidar for å få
auka produksjonen vår her i Gaupne.
Den etterspurde teknikken dei har utvikla ved
fabrikken i Gaupne, gjer at dei prduserer merke for firma nesten
over heile verda. Mindre har det ikkje vorte etter at Atle
Gandrudbakken selde NTP til amerikanske NEXAR. For den ekspansive
verksemda i Gaupne er det viktig å ha fokus på korleis dei til ei
kvar tid har kapasitet og greier å levera varene til rett tid.
Ivrige
Meric byrja å arbeida i Paxar for halvtanna år sidan.
I det internasjonale selskapet får ho bruka utdanninga si. Ikkje
minst er det interessant at ein kjem i kontakt med folk i ulike land
rundt om i verda.
– Den stadige utviklinga som alltid vil vera i eit
internasjonalt selskap gjer at du går ikkje fast i rutimar. Nye
prosjekt er stadig på gang. Her i Gaupne merkar eg meg ikkje minst
entusiasmen hjå alle som arbeider her. Den erfaring og kunnskap dei
har i Gaupne, håpar eg å få med meg. NEXAR har eit stort potensial i
Tyrkia. Det bur over 60 millionar menneske i landet, seier Meric.
På kort tid har Meric funne seg vel til rette, og
fortel om kor stor skilnad det er å bu i Gaupne samanlikna med
millionbyen Istanbul.
– Eg trur eg har møtt alle som bur her i Gaupne. Dei
er så hjelpsame. At alle kjenner alle, tykkjer eg berre er positivt,
seier Meric Tarim.